Nytt av året er at jonsokbål skal meldast inn skriftleg til teknisk etat i kommunen.

Jamfør § 6 punkt d. i «Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar», er det gjeve amnesti med omsyn til bålforbodet i Ulstein kommune på jonsokaftan, skriv Ulstein kommune på si heimeside.

I innmeldinga må ein informere om kvar det skal brennast (gjerne med gards- og bruksnummer), om grunneigar har gitt løyve til å brenne bål og namn, e-postadresse og mobilnummer til bålansvarleg.

Som i fjor vil også Ulstein kommune gjennomføre synfaring av jonsokbål, for å kontrollere at vilkåra for den lokale forskrifta vert følgd.

- Dersom det vert funne forureina materiale i jonsokbål, vil Ulstein kommune forby tenning av desse båla, skriv kommunen.

Seinare frist i Hareid kommune

For dei som skal brenne bål i Hareid kommune, er friste for å sende inn søknad om løyve på fredag.

Som i Ulstein skal søknad om dette sendast inn skriftleg, anten per post eller e-post.