Kommunane er ganske like og møtet blir i Vestlandsnytt omtala som "behageleg". Men ordførarane i begge kommunane er klare på at ein storkommune på Søre Sunnmøre er det mest sannsynlege.

- Det vil vere feil å tenkje snevert i denne samanhengen. Likevel er det naturleg at Sande og Vanylven som næraste naboar tek seg ein prat om den komande reformen, der det også handlar litt om å posisjonere seg, seier Sande-ordførar Dag Vaagen (Høgre) til Vestlandsnytt.

Avisa skriv at Vanylven kommune dagen før møtet med Sande var på "flørtemøte" med kommuneleiinga i Vågsøy. Men Vanylven-ordførar Jan Helgøy (KrF) er tydeleg på at dei heller ser seg nordover enn sørover. Helgøy seier til Vestlandsnytt at dei gjerne vil diskutere samanslåing med dei andre seks kommunane på Søre Sunnmøre (Sande, Herøy, Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid). Men han strekar under at det ikkje er nokon grunnar til å forhaste seg.