Borgstein As har søkt Ulstein kommune om å få føre opp ein full tredjeetasje i staden for ein avgrensa ein, som dei har løyve til, med maks gesimshøgd kote 14,7. Grunnen er at fleire av leigetakarane deira treng meir plass.

Saka var oppe i teknisk utval i sommar, men same dag kom det inn klage/merknad frå nabo. Utvalet valde difor å utsetje saka. Onsdag skal saka opp på ny. Kommunalsjefen rår utvalet til å leggje detaljreguleringa ut til offentleg ettersyn.