Ein ung mann som i vinter var ute på ein farleg køyretur i ein av bygdebyane på Ytre Søre Sunnmøre, har fått ein dom på 19 dagars fengsel. I tillegg til at han mister sertifikatet i to år, og må betale 7000 kroner i bot.

Bakgrunnen for straffa er at mannen, som hadde tre passasjerar med seg i bilen i vinternatt i fjor, køyrde mot påboden køyreretning. Ein bil som kom imot prøvde å vike unna, men kollisjon var ikkje til å unngå.

Bilen med den vinglete køyringa køyrde likevel vidare, og den andre bilen la seg på hjul, medan passasjeren i denne bilen ringde til politiet.

Køyringa vart stoppa etter nokre minutt, og føraren vart tatt med til blodprøvetaking.

Prøva som vart tatt klokka 06.12 viste at han hadde ei promille i blodet på 1,14.

Sunnmøre tingrett har kome til at ei passande straff er fengsel i 19 dagar.