I takt med at det har blitt populært å gå tur til Uglesætra, har det blitt vanskelegare å finne ein stad å parkere bilen. Men no  er parkeringsproblemet løyst.

- Parkeringsplassen i Skogstranda, indre Dimna, vart ferdig fredag, fortel Bjarne Røren.

Saman med Olav Dimmen gjekk han for åtte år sidan i brodden for å få laga ein tursti  til Uglesætra på Dimna.

I 2014 var det heile 7084 besøkjande som skreiv seg inn i gjesteboka på Uglesætra.

Opp i 400 personar har gjesta Uglasætra i helgane.

- Det er veldig kjekt, men parkeringa har vore eit stort problem. Folk har vore nøydde til å parkere bilane sine heilt sør i Ertesvågane. Då har der vore tilløp til kaos.

Det er Ulstein kommune som har opparbeidd den nye parkeringsplassen på Skogstranda i Ertesvågane.

- Dei som har laga parkeringsplassen har gjort eit svært fint arbeid, og har blant anna brukt naturstein ned mot sjøen, fortel Røren.

Kor mange bilar der er plass til er litt vanskeleg å slå fast meiner Røren, men han trur der er plass til mellom 35-40 bilar.

Det er 1,5 år sidan arbeidet med å få ein parkeringsplass i Skogstranda starta, og Røren seier han forstår godt at det har tatt tid. For både Statens skoger og Statens vegvesen skulle godkjenne planane. Og slikt tek tid.

Ei viktig årsak til at Uglasætra har blitt så populær, er dei godt merka råsene. Og når folk, etter pluss/minus 20 minutt er kome opp, openberrar det seg eit eventyrrike med mystiske handlaga figurar og hus der folk kan innta nista si.