Heile 14 aktørar i Trøndelag og Møre og Romsdal ønskjer å starte asylmottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar. UDI Midt Noreg har fått tilbod om 748 plassar, medan behovet er på 100 plassar.
No skal UDI vurdere alle tilboda og sjå på kvalifikasjonar, bustadmasse og prise. Dei beste tilbydarane vil etter planen bli tilbode kontrakt med UDi i byrjinga av juni. Så ønskjer dei at asylsøkjarane kan flytte inn tidlegast mogleg etter kontrakten er tildelt.
Det kom over 5000 einslege, mindreårige asylksøkjarar til Noreg i fjor. Ungdomar i alderen 15-18 år skal bu på eigne mottak, som er bemanna døgnet rundt.
Sentrum statlige EMA-mottak As i Hareid er einaste tilbydaren på Sunnmøre. I lokala til Melshorn Hotell vil Linda Haddal Røssevold drive mottak for 60 einslege mindreårige asylksøkjarar.
Hareid formannskap har med fire mot tre røyster gått i mot ei bruksendring av hotellet. Men saka er sendt vidare til Fylkesmannen.
Røssevold opplyser til Vikebladet Vestposten at ho er skuffa over at formannskapet ikkje ser kva situasjon hotellet er i. Ho skulle gjerne drive hotell i Hareid, men slik maknaden er no går det ikkje. Difor vil ho gjerne drive mottak til hotellmarknaden tar seg opp igjen.
No set ho sin lit til at Fylkesmannen gjer som fylkesmenn i resten av landet har gjort i slike saker, nemleg å seie ja til asylmottak.