Medan levekårsutvalet i Ulstein slo fast at dei ikkje ønskjer ei utviding av Ulsteinvik barneskule, har ikkje Ulstein formannskap same oppfatning av saka.

Eit konsulentfirma har vurdert skulebygga i Ulstein kommune og kor tenlege dei er for framtida. Dei meiner brakkene ved Ulsteinvik barneskule og Hasund skule bør rivast, og at det bør byggjast tilbygg i staden. Dei meiner også at idrettsbygget bør rivast.

– Levekårsutvalet diskuterte at kommunen bør byggje ny ungdomsskule og flytte borna frå Ulsteinvik barneskule inn i ungdomsskulen, fortel ordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet).

Dette synest ikkje formannskapet er ei god løysing. Dei hadde ein brei debatt om Skulebehovsplanen tysdag denne veka. Formannskapet tenkjer at ungdomsskulen er bygt som ungdomsskule, og fungerer bra til det. Dessutan er ungdomsskulen alt for stor for barneskulen.

Formannskapet er samde med konsulentfirmaet i at noko bør snart gjerat med Ulsteinvik barneskule. Skulen er for liten, han er dimensjonert for 40 elevar for lite. Difor meiner deit at noko må gjerast, og det er difor kommunen har kjøpt seg meir areal rundt skulen.

Formannskapet vedtok å leggje kartlegginga frå konsulentfirmaet til grunn, utan å konkludere med at ein ikkje skal byggje ut Ulsteinvik barneskule, slik vedtaket i levekårsutvalet sa. Om kommunen vil byggje ut skulen, må utbygginga opp i samband med rullering av Kommuneplanen og seinare budsjettarbeid.

– Kva med samanslåing av krinsskular, diskuterte de det?

– Ja, formannskapet var samde om at dette ikkje var ein skulestrukturdebatt. Det seier planen også. Men i planen skriv dei at viss kommunen ønskjer å slå saman skular, så er det plass til elevane på den andre skulane. Men det er ikkje sett på kostnader med eventuell skyss av elevar eller klassedeling, svarer Engh som ikkje har planar om å slå saman skular i Ulstein kommune.