- Vi har vore eigde av Danske Bank sidan 1999, men 15. november tek vi steget fullt ut og får same namn som eigaren vår, seier banksjef André Skotheim i bankavdeling Ålesund og Ulsteinvik.
Frå same dato vil banken heite Danske Bank i alle femten landa der dei har kontor.
- Namneendringa er ei naturleg utvikling for oss. Med eitt felles namn i alle land viser vi at vi er ein del av eit nordisk bankkonsern med eit stort internasjonalt nettverk, legg Skotheim til og nemner også at kundane si forventning til banken blir stadig meir uavhengig av kvar dei måtte bu og arbeide. Mange kundar har også sjølve vorte meir internasjonale. Det tek banken konsekvensen av.
Banken har lansert den første originale nettbank-appen for nettbrett og vil snart også lansere mobil- og brettbank for bedrifter.
- For kundene vil vi framleis vere like enkle å bruke i det daglege som før. Korta og nettbanken vil fungere som før, og kunden vil møte dei same menneska, seier Skotheim.
Fokus Bank vart etablert i 1987 etter ein fusjon mellom fire norske bankar.