Det er allereie lagt vassledning i gangvegen over Eidet frå Hareid, og denne vassleidninga skal koplast på det siste strekket som no blir lagt frå Varleitet. Når røyrlegginga er ferdig blir det samanhengande reservevassleidning mellom Hareid og Ulstein.  - Vassleidninga er lagt ferdig no og siste koblingsarbeidet blir gjort i dag. Så blir leidninga rensa og klargjort for forsyning. Deretter skal leidninga funksjonstestast frå både Hareid og Ulstein sin side, opplyser Odd Kåre Wiik ved teknisk etat i Ulstein til Vikebladet Vestposten.

Reservevassleidninga frå Hareid var ferdig for to år sidan, og blei lagt ned under gangvegen som går langs vegen mellom Hareid og Ulstein.

Same dimensjon

Reservevassleidninga har same dimensjon som den ordinære vassledninga, som er på 225mm. Men dersom reservevassleidninga må nyttast så blir det likevel redusert kapasitet fordi vatnet då må fordelast meir utover fleire husstandar og mottakarar.

- Det er ikkje meininga at ei reservevassforsyuning skal forsyne ein heil by eller ei heil bygd over tid. Hvis det oppstår ein situasjon der reservevassforsyninga må nyttast, som til dømes ved forureining av drikkevasskjeldane, så bør folk spare på vatnet og ikkje bruke så mykje til bilvasking og sånt, forklarar Wiik.

- Anlegget vert funksjonstesta i løpet av sommaren, og når formell avtale er på plass har ein sikra reservedrikkevatn for begge kommunane, avsluttar Wiik.

Entreprenør for prosjektet er Nord Berg AS.

Armaturen som skal kople saman reservevassleidningane kjem ferdig montert. Foto: Johan Slåttavik