Onsdag blei det invitert inn til "Treffpunkt Hafast", i regi av Hafast. Fleire føredragshaldarar fekk halde innlegg kring prosjektet og betydninga av å få det i gong. Først ut var fylkesordførar Jon Aasen (Ap). Han fortalde først om ferjefri E39 innan 2033, som skal knyte saman dei største eksportfylka i Norge.
Aasen fortalde også om sine eigne utfordringar, som vekependlar til jobben i Molde.
- Det er langt frå heimen min til Molde, heile 16 mil og fleire ferjer. Skal ein rekne snittfart, basert på ferjesambanda vi har i dag, byrjar eg verkeleg å tenke. Når eg er framme i Molde har eg køyrt gjennom Norges mest produktive eksportområde, i førti kilometer i timen. Det er ikkje haldbart. Eg pendlar frå Vanylven til Molde og andre vegen, og vegen att og fram er frykteleg lang, seier Aasen.
Nybrottsarbeid
Aasen valte så å løfte fram Hafast-prosjektet ytterlegare.
- Hafast er nybrottsarbeid, krev vilje og pågangsmot å få i stand, men vil knyte saman Søre Sunnmøre og Ålesund, og gi ein større og sterkare bu- og arbeidsmarknadsregion, seier Aasen og legg til:
- Poenget med Hafast, min argumentasjon når eg møter departementet og vegdirektoratet er ikkje å fortelje at ferjene er eit herk, men at Hafast vil vere ei av dei mest effektive utvidingane og samknytingane av ein av dei desidert viktigaste bu- og arbeidsmarknadsregion i landet.
Meir lønnsamt
Å løfte fram eksportfylket Møre og Romsdal var også viktig for Aasen
- No er vi også nummer to som fastlandseksportør per innbyggjar. Det er på trass i mange samanhengar. Mykje av industrien vi har kunne like enkelt vore andre stader, men det er her ein føler ein har utviklingsmoglegheiter og innovasjonskrafta som må til. Men, det går ei grense ein eller annan plass, der vi ikkje kan rekne med at vi er like attraktive, om vi ikkje får til ein meir effektiv samferdsel. Du kan ikkje betale rekninga på samvirkelaget med innovasjon og pågangsmot, ein må ha kroner og ører, seier Aasen.
- Må vinne konkurransekraft
NTP favoriserer folkerike områder, seier Aasen. Han var også veldig oppteken av at ein må ta vare på kyststripa.
- Vi skal ikkje snakke ned austlandet, men vi må ta vare på kyststripa. Vi må ikkje tape konkurransekraft, vi må vinne konkurransekraft. Vi skulle gjerne sett at det var meir investeringar på vegane våre, utifrå verdiskapinga vår, seier han.
Han fortel at fylket no er einige om at Møreaksen uansett må kome på plass før Hafast, for at også Hafast skal kunne kome på plass.
- Det byrjar å haste å få Møreaksen på lista. No er det veldig godt at kannibalismen ikkje tek Møre og Romsdal i forhold til fjordkryssingane. Kan vi i staden for å vere motstandarar vere einige om ei rekkjefølgje? Splitt og hersk er enkelt. Men det er betre å kome til ei einigheit, det er i alle si interesse å få Møreaksen inn først.
Møreaksen først
Aasen var også oppteken av jobben politikarane frå Møre og Romsdal som er med i Vestlandsrådet no må gjere.
- Det kan raskt feste seg eit inntrykk om at Vestlandsrådet er einige om å byggje E39 sørfrå. Møreaksen skal først inn. Det vil Møre og Romsdal vere veldig tydelege på.
Etter innlegget til Aasen spurde møteleiar Terje Devold om prioteringa av Møreaksen framføre Hafast no var klar.
- Ja, vi meiner Møreaksen må inn på Nasjonal Transportplan først. Men det for å også få inn Hafast etter kvart, svara fylkesordføraren.
Gunvor Ulstein, styreleiar i Hafast, spurde Aasen om at prioriteringa av Møreaksen no var hogd i stein.
- Frå industrien og kommunane er det i alle fall hogd i stein. Men vi vil gjerne sjå at fylkestinget seier det klart. No har vi samla oss frå industrien og kommunane kring Møreaksen som første prosjekt, men det er utruleg viktig at fylkestinget gjer eit vedtak. Det vil vere eit signal inn til sentrale myndigheiter, sa Ulstein.
- Det skal vi ta med oss. Skal vi uansett få gjennomført dette, er det enkel matematikk at det vil vere fleire samband under bygging paralellt, og at det er måten å få på plass det vi treng, sa Aasen avslutningsvis.