Anders Riise og Knut Erik Engh skreiv under intensjonsavtalen om samanslåing av Hareid og Ulstein kommune. Sjølvaste Erna Solberg var vitne ved signeringa.

Statsministeren er særs positiv til avtalen. Ho seier at samanslåing skapar større fagmiljø og brei kompetanse. Dette er viktig for å yte gode tenester. I tillegg trur ho at dette vil gi regional slagkraft.