Opinion gjennomførte i april i år ei innbyggjarundersøking på oppdrag frå Ulstein kommune. Dei har ringt 500 innbyggjarar i kommunen for å kartleggje haldningar og synspunkt knytt til eventuell kommunesamanslåing.

265 menn og 235 kvinner har svara.

Over halvparten har svara at samanslåingsspørsmålet er viktig. 15 % meiner det er svært viktig, 39 % ganske viktig, 27 % korkje viktig eller uviktig, 12 ganske uviktig, 6 % svært uviktig og 1 % veit ikkje. Det er fleste kvinner som meiner dette spørsmålet er viktig.

Runde kommune

56 % svarar at dei er for at Ulstein slår seg saman med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven. 31 % prosent er imot denne konstellasjonen. 12 % svarar korkje eller, og 1 % veit ikkje.

Både mellom kvinner og menn er det fleirtal for samanslåing. 57 % av mennene er for dette, 54 % av kvinnene.

Aldersgruppa som er mest positiv til denne samanslåinga er dei mellom 40 og 49 år (66%). Dei som er mest negative er dei over 60 år (46 %).

Bortsett frå dei over 60 år er det fleirtal for Runde kommune.

43% meiner at samanslåinga gjer Ytre Søre Sunnmøre meir attraktivt. Det er særleg menn som meiner det. Ein del (48%) trur kompetansen i dei kommunale fagmiljøa blir betre om ein går saman i ein ny kommune. Ein god del meiner kommunen sin evne til å utvikle samfunnet blir betre (46 %).

35 % trur tenestene kommunen yter blir betre, medan 28 % trur tenestene blir dårlegare.

Lokaldemokratiet trur ein god del at blir dårlegare ved ei samanslåing. 20 % trur det blir betre, mot 44 % trur det blir dårlegare.

Dei fleste føretrekkjer Hareid

På røystesetelen i kveld har ikkje ei samanslåing mellom Hareid og Ulstein vore eit alternativ. Men når Opionion har ringt rundt til innbyggjarane i Ulstein kommune, har innbyggjarane fått svare på kva dei meiner om dette alternativet.

Heile 63 % svarar at dei føretrekkjer at Ulstein slår seg saman med Hareid om det ikkje blir noko av at dei fem kommunane slår seg saman.

Samstundes svarer 24 % at dei helst ser at Ulstein held fram som eigen kommune.

11 % ønskjer at Ulstein blir med i ein større regionkommune saman med mellom anna Ålesund.

Og 2 % veit ikkje eller ønskjer andre alternativ.

I spørjegranskinga kjem det fram at både dei som er for og deis om er mot samanslåing av dei fem kommunane føretrekkjer samanslåing med Hareid om det ikkje blir noko av dei fem.

Det er særleg den eldre garde som ønskjer å slå seg saman med Hareid. Av dei over 60 år er det 72 % som ønskjer å slå seg saman med Hareid. Det er aldersgruppa under 30 år som er mest positive til å halde fram aleine som eigen kommune (34 %). Medan 40-åringane er minst positive til å halde fram aleine (16 %). Denne aldersgruppa er også mest positive til ein større regionkommune (17 %).

Resultatet frå innbyggjarundersøkinga har vore hemmelegstempla fram til røystalokala i Ulstein og Hareid vart stengde, for å ikkje påverke veljarane.

Her kan du lese heile rapporten.

Kva som vart resultatet av den verkelege folkerøystinga kjem seinare.