For to år sidan hadde Bigset skule konsert med Geirr Lystrup. Det var så populært, at når dei no fekk sjansen til å gjenta suksessen ville dei gjerne det. Bigsetrektor Hege Tretnes fortel at ho då tenkte at dette var noko barnehagane burde fått vore med på. Så denne gongen blir det eigen konsert på dagtid for barnehagane. Barnehagane har fått utdelt cd og songtekstane på førehand, så dei kan øve seg og syngje med på konserten. Hjørungavågrektor Siv Kaldhol seier at det er greitt å samarbeide med ein annan skule om eit slikt prosjekt, så kan dei dele på alle utgiftene med eit slikt prosjekt. Elevane frå Bigset og Hjørungavåg øver både kvar for seg og i lag. Det er ikkje vanskeleg å sjå på borna at dette er songar som fell i smak. Geirr Lystrup har skrive artige tekstar til kjekke melodiar. Og visesongaren Lystrup har meldt ifrå om at han gler seg til å kome og syngje med dei. Onsdag 10. juni på kveldstid blir det konsert på Bigset skule. Kvelden etterpå blir same konserten på Hjørungavåg skule. Rektorane ved skulane presiserer at alle er velkomne på dei opne konsertane på kveldstid. For meir informasjon sjå annonse i avisa laurdag.
Nyhende →
Felleskonsert med Geirr Lystrup
Gummi gummi, rungar det i gymsalen på Hjørungavåg skule. Det er fellesøving mellom elevar frå Bigset og Hjørungavåg skule.