- Går vi utanfor døra no må vi ha på oss solbriller fordi oska frå brannen bles over alt. Det ser ut som det regnar, men det er berre oske. Og det lukter som om heile Santa Barbara er eit stort bål. Sola gløder som ei eldkule, og det er no over 45 grader celsius på grunn av at brannen og varmen berre stig, heiter det på bloggsida til Runa Berge frå Fosnavåg. Runa og Tonje deler husvære i Santa Barbara i samband med studiet i regi av Gateway College i Santa Barbara. No er universitet dei går ved stengt. Dei er midt inne i eksamensperioden, men får ta eksamen i andre lokale. - I går ringde læraren meg og sa at eg ikkje får lov å jogge ute, fortel Tonje, etter ein røykfull løpetur onsdag ettermiddag. Den store skogbrannen starta tysdag og er framleis ute av kontroll. Til no er 20 husvære tatt av brannen, som vert samanlikna med ei liknande skogbrann i fjor haust der 200 husvære vart øydelagt. Dagleg leiar i Gateway College, Ulrika Herlofsen, forsikrar til VG at studentane deira er trygge, og at dei følgjer situasjonen tett.
Nyhende →
Ulsteinjente vitne til storbrannen i Santa Barbara
Tonje Garvik er ein av om lag 80 norske studentar i Santa Barbara, California. Utanfor leilegheita hennar regnar det oske.