Laurdag var dei første skeiseløparane ute og prøvde seg langs strandkantane i Grimstadvatnet. Etter kvart som kulden får arbeide, vil isen bli tjukkare. Men det er grunn till å åtvare mot naiv ferdsel langt ute på vatnet i denne første bolken.
Isen er alltid tryggast nær stranda der det ikkje er ein elveos. Her er også vatnet grunnast.
Dette vil seie i austenden av vatnet i området Verparen-Raudesanden.
Yr.no melder at det sannsynlegvis vil halde seg kaldt i fleire dagar til.