Hovudtal

Aktivitetsnivået i Kleven Maritime har i 2008 vore rekordhøgt. Konsernet hadde i 2008 samla driftsinntekter på kr. 3 milliardar, ein auke på kr. 401 mill. frå året før. Av dei samla driftsinntektene utgjer eksportverdien kr. 1,3 milliardar. Det vart i 2008 ferdigstilt og levert i alt 9 farty, av desse 8 offshorefarty og 1 kjøleskip. Årsresultat etter skatt utgjorde i 2008 kr. 17,2 mill . Driftsresultatet var negativt med – kr. 27,8 mill. Etter netto finansinntekter på kr. 51 mill., som følgje av valutaeffektar, vart resultatet før skatt 23 millionar kroner.

18 skip i ordre

Konsernet Kleven Maritime har pr. 31.12.08 i ordre 18 skip til ein samla kontraktsverdi på kr. 8,5 milliardar. 6 av fartya skal leverast i løpet av dei første 7 månadane i 2009. Ordremassen gir verfta i Kleven Maritime sysselsetjing til utgangen av 2010. I mars 2009 avtalte Kleven Verft og Siem Offshore å kansellere to skipskontraktar og desse er tatt ut av ordremassen. Det vart ikkje inngått nye skipsbyggingskontraktar i 2008.

Auka verksemd i verfta – rekruttering prioritert satsing

Som eit resultat av mange ordrar, mange skip under arbeid og målretta rekruttering har det gjennomsnittlege talet på årsverk i konsernet auka med 113 i 2008. I 2008 var det i gjennomsnitt tilsett 416 årsverk i konsernet. Den omfattande ordrereserven har gitt Kleven Maritime høve til å starte opp utrustningsaktivitet ved leigd verftsanlegg i Førde.

Utfordrande enkeltprosjekt – forseinkingar og mangelfulle leveransar frå underleverandørar

"Ved begge verfta i Kleven Maritime har vi hatt større utfordringar enn forventa med gjennomføring av nokre av prosjekta, noko som har gjort at det oppnådde resultatet er lågare enn kva vi ønskjer ", seier administrerande direktør Ståle Rasmussen. "Vi har i Kleven Maritime i 2008 hatt eit svært godt samarbeid med kundane våre slik at vi i fellesskap har løyst dei utfordringane vi har stått overfor m.o.t. forseinkingar og mangelfulle leveransar", held Rasmussen fram. Rasmussen gir også honnør til alle tilsette for stor innsats.

Ser betring framover

- Sjølv om prosjekta som skal ferdigstillast i 2009 framleis vil kunne lide under forseinkingar, viser prognosane betre resultat for dei komande åra. Ein ser no resultatet av interne tiltak for betra kontroll med kostnader og prosessar. Vi trur at nybyggingsmarknaden vil ta seg opp att men er usikre på når det vil skje. M.a. vil reiarlaga sine finansieringsmuligheiter i bankane vere avgjerande for når nye prosjekt vil verte realiserte. Kleven Maritime har ein lang ordrehorisont som gir konsernet tid til å arbeide med nye kontraktmuligheiter i tida som kjem, avsluttar Rasmussen.