Hjorteteljinga på Søre Sunnmøre denne våren har vore rekordmessig. Men ei forklaring kan vere at det kom eit snøfall og ein særleg kald vêrtype under teljingane, og som særleg gjorde utslag på siste teljinga 30. april. Mange dyr må då ha trekt lågare ned i terrenget.
Under denne teljinga vart det observert heile 4844 dyr på Søre Sunnmøre. Det er 1134 fleire enn ved tilsvarande teljing i 2015.
Tala er likevel eksepsjonelt høge i samanlikning med alle tidlegare år sidan 1999.
Rekord i alle sju kommunane
Alle sju kommunane talde rekordmange dyr 30. april. iHer er den kommunevise rangeringa med fjorårstala i parentes:
Ørsta 1506 (1197)
Volda 1374 (1072)
Vanylven 1143 (921)
Sande 300 (145)
Hareid 266 (197)
Ulstein 135 (111)
Herøy 120 (65)
Totalt: 4844 (3708)
På den første teljinga 16. april var ikkje utslaga så store:
Ørsta 1371 (1274)
Volda 1224 (1234)
Vanylven 990 (1107)
Hareid 257 (256)
Sande 230 (194)
Herøy 124 (121)
Ulstein 83 (102)
Totalt: 4279 (4288)