I ei julepynta stove hos foreldra på Holstad sit det ei høg, lyshåra jente. Ho er 21 år, og studerer siste året av sosionom og barnevernsstudiet på Høgskulen i Volda. Ho reiste til Kenya i Nord Afrika i lag med veninna Janne-Katrin Hansen Sævik for å jobbe på barneheimen Arap Moi, i byen Nakuru.
Teddybjørn og takksemd
– Janne Katrin vart vitja av familien si i laupet av opphaldet, og dei hadde med seg leiker og klede til borna. Eg skulle gje ei teddyløve til ein liten gut, og han vart så skremd at han byrja å gråte, fortel Gjertrud.
– Vi måtte sakte venje han til ein bamse. Vi ser jo på kosedyr som trygt og nært. Det var spesielt, fortel ho. Ho viser ein filmsnutt der barneheimsborna ler, hoiar og sparkar fotball i heilt nye, raude fotballtrøyer. I videoen regnar det kraftig.
– Dei er ikkje glade i regn, men då dei fekk ny fotball og nye drakter måtte dei ut og prøve, smiler ho. Hareidsjenta vart kjend med born og unge som hadde vakse opp på barneheimen, og som med ein gong engasjerte seg i henne. Berre å få flette det lange blonde håret, gjorde at borna knytte seg til henne.
– Det var ingen av dei som hadde hår på hovudet, men alle kunne flette, seier Gjertrud og ler. Sterkast vart bandet til ei av dei eldre jentene.
– Ho var så engasjert i barneheimen og i alle som budde der, og hadde sjølv vore der i heile sitt liv. Henne kjem eg ikkje til å gløyme, slår Gjertrud fast. Grunna teieplikta kan ikkje Gjertrud fortelje oss kva jenta heiter.
Frå jungel til jul
– Eg ville sjå ulikskapar i verda, og eg trur lærarane ville utfordre oss til å lære meir om oss sjølve. Vi lever i trygge gode Noreg, og ville sjå korleis sosialt arbeid fungerte i andre kulturar, fortel Gjertrud. Då ho kom heim var julepynten teken ut av øskjer og kasser, både hunden og broren hadde vakse. Ho kom rett inn i julestria.
– Du kjem attende til kjøpekultur og materialisme, og det kjennest ikkje naudsynt når du har vore der du har vore. Du vert så takksam over det du har, smiler ho. Hunden svinsar rundt bordet, snusar på journalisten, og Gjertrud smiler. Men ho gler seg til jul. Med gåver, julemat og julegodt saman med familien.
Hjelpeløyse
På turen fekk Gjertrud oppleve ei skyteepisode utanfor barneheimen, der tre tjuvar vart skotne og drepne av politiet.
– Det set ein støkk i deg. Vi kunne jo ikkje sette oss på eit fly utan å byrje med vaksineregime fleire veker i førevegen. Vi måtte stole på at det gjekk bra med henne, seier mor, Anne-Elisabeth Emdal.
– Det var utanfor murane våre, men vi høyrde skota. Eg kan ikkje hugse at eg vart så redd då det hende, fortel Gjertrud. Ho er overraska over at ho ikkje reagerte sterkare. Takksemda, godviljen og medmenneskelegdomen Gjertrud vart møtt med fekk dei største reaksjonane.
Reservepappa, Tuk-tuksjåfør
– Vi var skeptiske til at to jenter skulle reise åleine til Kenya, smiler Gjertrud. Ho og veninna vart kjende med tuk-tuksjåføren Joseph gjennom kvinna som leia barneheimen.
– Den kulaste gamle dama eg har møtt, skyt Gjertrud inn. Joseph tok dei med på tur til innsjøen Lake Nakuru. Studentane fekk reise til Zanzibar for å helse på medstudentar, på safari til masailandsbyen Masai Mara, og til elefantsenteret for foreldrelause elefantungar. Joseph køyrde dei to studentane til og frå jobb kvar dag, og gjorde det trygt for jentene å reise.
– Han vart ein slags reservepappa, smiler Gjertrud.
Eit nytt menneske
For Gjertrud og Janne Katrin byrja arbeidsdagen typisk klokka ni, med stell og kos av dei 17 babyane på ”Baby Wing”, avdelinga for nyfødde og opp til to år gamle born. Det var 17 babyar på fire tilsette, alle skulle stellast, få kos og mat. Ettermiddagane gjekk gjerne med til dei eldre borna. Leiaren på barneheimen hadde sjølv vore i Noreg, og passa på å gje dei ein god samtale når ho såg at inntrykka vart særskilt tunge for jentene å bere. For studentane vart sende ut på landsbygda for å evaluere potensielle adoptivfamiliar, som ofte budde i moldhytter.
– Eg trur turen har endra meg. Det var trist å reise, og fint å kome heim. Nesten kultursjokk ein gong til. Ein prøver å ikkje knyte seg til ungane for mykje når ein veit ein skal reise, men så vert det slik likevel, avsluttar Gjertrud.