Ein allianse av Folkelista, Høgre og FrP sikra torsdag fleirtal for Hareidbudsjettet 2016. Og kven skal klage når også AP, KrF og Venstre var såre fornøgde.
Betre råd ved samanslåing?
Likevel vart det tid til litt kommunestyrefekting om kva Hareid kunne ha oppnådd ved å ha gått i lag med Ulstein.
Særleg Ottar Røyset (H) var klar på at motstandarane av kommunesamanslåing hadde sagt frå seg «gulrøter vi kunne ha fått frå staten».
Bernt Brandal (Folkelista) viste då til den store kommunesamanslåinga i Danmark, der det no viser seg at større einingar slett ikkje gav noko innsparing. Han ville vite om Røyset hadde eit reknestykke …
Røyset peikte då blant anna på at Hareid – ved å seie ja til Ulstein – ville ha fått 10 mill. kroner til sentrumsutvikling og eit større handlingsrom.
Ole Frank Bakken minte om at Hareid har vore på Robek-lista i 14 av dei 15 åra lista har eksistert. – Vi må hindre at vi hamnar i ei hengemyr og går rett innatt på Robek. - Vi får ein kjempejobb.
Han såg klart «alvoret i desse små kommunane».
Stian Runne Brandal (AP) oppmoda om å legge omkampar om kommunereformen på is. – Eg ser ikkje at vi kjem nokon veg med omkamp no.
Helsehus og sentrumsutvikling
Det var Bernt Brandal (Folkelista) som bar fram det framlegget som vart samrøystes vedteke. Han takka rådmannen for ein svært kontruktiv dialog.
- Vi skal ut av Robek og vi skal ikkje stelle oss slik at vi legg inn ei førehandsbestilling av returbilletten, sa Brandal, som peikte på helsehus og sentrumsutvikling som prioriterte oppgåver i åra som kjem. For å legge til rette for å kunne fjerne eigedomsskatten, måtte ein også legge til rette for næring og bustadbygging.
Blant anna blir det i 2017 sett av 1 million kroner til eit disposisjonsfond.
Ny helsestasjon skal inn med 5 millionar kroner og deretter 35 millionar i 2018-19.
Budsjettet inneber også at fotballhallen på vestsida av Hareid ungdomsskule nærmar seg realisering. Han får 500.000 til forprosjektering i 2017. Når søknad om spelemidlar er godkjent, er det truleg berre å starte bygginga. Idrettslaget har midlar på bok – og dugnadsressursar. Hallen vil vere ein del av det kommunale idrettsanlegget. Ordførar Anders Riise trur på bygging i 2018.
Det stramme budsjettet inneber likevel ein liten auke for både oppvekst- og velferdssektoren.
Dei største investeringstiltaka i 2017 blir:
Datainvesteringar Søre Sunnmøre IKT-senter 7,455 mill. - Helsesenter 5 mill. – Avløp Bjåstad-Røyset 3,5 mill. – Vassforsyning Bjåstad-Røyset 3,5 mill. - Rådhuset belysning 2,5 mill. – Ny inntaksleidning Hammarstøylsvatnet 2,5 mill. – Bustadfelt Holstad grunnkjøp 2 mill. - Velferdsteknologi pasientsignalanlegg 1,55 mill. - Miljøprosjekt Kjøpmannsgata Bedehusparken 1 mill.