– Butikkgruppa er mildt sagt litt sjokkert over dei planane som vart lagt fram under møtet og korleis dette er tenkt gjennomført, skriv Øystein Muren, leiar i Butikkgruppa i Ulsteinvik etter informasjonsmøtet som vart halde i Ulsteinvik mellom kommunen, Statens vegvesen og butikkane.

Han skriv vidare at representantane frå handelsnæringa vart målbunde. Det var vanskeleg på møtet å kome med innvendingar, når dei ikkje hadde teknisk bakgrunn. No i ettertid har dei vore i kontakt med teknisk sakkunnige. Butikkgruppa skriv at dei ikkje kan akseptere at hovudgata i sentrum blir nærast utilgjengeleg i nesten 1 1/2 år.

Fryktar blokkeringar

Den alternative ruta vil gjere det vanskeleg for vogntog å kome seg fram. Når snøen kjem, kan dei store køyretøya lett køyre seg fast og føre til total blokkering av vegen.

For lang tid

Butikkgruppa reagerer også på at det skal ta så lang tid å byggje om Sjøgata. Dei meiner arbeidet bør kunne gjerast unna på seks månader.

Handelsnæringa er særs redde for at slik tidsramma er sett opp no, vil det gå sterkt utover handelsnæringa i Ulsteinvik.

– Er det noko kundane ikkje liker, så der det vegarbeid og endra køyremønster i sentrum. Då vil nok mange søkje andre stader å handle, som til dømes Ørsta/Volda og Moa, avsluttar butikkgruppa brevet sitt med, som er redde kundane heller ikkje kjem til bake når anleggsperioden er over.

Bygginga delt i tre

Assisterande rådmann Verner Larsen svarer butikkgruppa med at dei alle har felles interesser i å gjennomføre anleggsarbeidet så raskt og rimeleg som råd er, men så få ulemper som råd.

Bygginga av Sjøgata er delt i tre, heile vegen blir ikkje stengt eit og eit halv år.

I første trinn blir Sjøgata stengt frå start ved hotellet og til og med krysset ved Blåhuset. (juni 2013 til mai 2014). Hovudtrafikken blir leda inn på den gamle riksvegen ved Rema 1000 og køyrer gamlevegen og Bjørndalvegen, før han blir ruta ned i Sjøgata ved krysset ved Blåhuset. Det blir gjort endringar med omsyn til parkeringar og gjennomført ombygging, så vegen kan handtere trafikkauken på ein best mogleg måte.

I andre trinn blir Sjøgata stengt frå og med krysset ved Blåhuset til krysset ved Sparebanken Møre (mars 2014 til september 2014).

I tredje byggjetrinn blir Sjøgata stengt frå og med krysset ved Sparebanken Møre til sluttpunkt rundt Kaffikari. Det blir òg anleggsarbeid mellom ny rundkøyring ved hotellet og eksisterande rundkøyring ved Amfi (august 2014 til desember 2014). Då blir byggjetrinn 1 og 2 av Sjøgata open for trafikk.

Meir enn eitt vegprosjekt

Larsen skriv at utbygginga av Sjøgata er eit komplisert prosjekt. Ombygginga er ikkje berre eit vegprosjekt, men omfattar også fjernvarme, utvida kapasitet på eltilførsel til verfta og omlegging/utbygging av vatn og avløp.

Utbygginga er ikkje noko Ulstein kommune kan velje å gjennomføre eller ikkje, eller skalere opp eller ned i storleik. Det er vegvesenet som er byggherre.

– Det er eit prosjekt som må gjennomførast, men det er og ei utbygging som legg til rette for vidare utvikling av Ulsteinvik sentrum, skriv den assisterande rådmannen.