– Kvaliteten på sommardekka er ekstra viktig om hausten. Likevel er det mange som droppar å bytte, fordi det nærmar seg sesongmessig omlegging til vinterdekk. Det er å gamble med tryggleiken, seier Katrine Køste, produktsjef i Vianor.
Minste tillatne mønsterdjupn for sommardekk er 1,6 millimeter. Mange fagmiljø anbefaler at dekka bør bytast ved minimum tre millimeter mønsterdjupn.
– Sopass er nødvendig for at dekka skal gje gode køyreeigenskapar på våt veg, seier Køste.
Farleg fart
Regnvatn i hjulspora kan gje fare for vassplaning. Godt mønster reduserer denne risikoen.
– Gode sommardekk har eit mønster som leiar vatnet vekk. Når dekket si evne til å pumpe vann ikkje er tilstrekkeleg, vil dei til slutt miste kontakta med underlaget. Då kan bilen komme ut av kontroll. Dersom dekka er slitne, er eit mellomskift før vinteren er ei god forsikring mot å hamne i slike situasjonar.
Testar har vist at mønsterdjupn slår kraftig ut når det gjeld kva for ei fart faren oppstår.
– På utslitne sommardekk kan det lett skje ulukker allereie ved 76 kilometer i timen. På nye dekk går ein sannsynlegvis klar ved hastigheiter inntil 96 kilometer.
Ifølgje Katrine Køste er det dessutan svært tvilsamt om det er god biløkonomi å utsette byttet av dekk til våren.
– Både Vianor og andre leverandørar har kampanjetilbod om hausten, når lagrene skal tømmast for å gje plass til vinterdekka. Prisavslaget på sommardekk kan vere sopass stort at det utgjer meir enn kostnadene ved å leggje om dekk ein gang ekstra før vinteren.
Dekkaksjonar
Salet av sommardekk bruker å få ein bråstopp i dei siste månadene før vinteren kjem, fordi mange vil kjøre ut de slitne sommardekka, bekreftar Hroar Braathen, dagleg leiar i Dekkimportørenes Forening.
– Det tyder på at mange køyrer på dårlege dekk på denne tida av året. Dette er ei problemstilling det burde vore meir merksemd rundt. Helst ønskjer vi oss dekkrazziaer i samarbeid med politiet og vegvesenet, for å sjekke rutinemessig og rettleie bilistane, seier Braathen.
I andre nordiske land er dette prøvd med stort hell.
– Finland og Sverige har heldt på ei god stund, og no er slike haustaksjonar også komne i Danmark. Der har salet av sommardekk flytta seg, med auke i september og noko nedgang påfølgjande vår.
Også i Noreg har det vore gjort forsøk med dekksjekk langs vegen.
– Bransjen var med på ein enkeltaksjon langs E6 ved Minnesund for nokre år sidan. Over ti prosent av bilane hadde ikkje ein gong godkjent dekksutrustning, og ein endå høgare andel hadde mønsterdjupn under det som er anbefalt. Situasjonen er neppe noko betre i dag, seier Hroar Braathen.