En heldig mann frå Ulsteinvik ble Eurojackpot-millionær fredag 31. august, då han vann den nasjonale premien på 1 million kroner. Mannen vann også eit reisegåvekort til ein verdi av 100.000 kroner.

Norsk Tipping slo på tråden til mannen fredag kveld, og dette var reaksjonen etter at vedkomande fekk vite at han hadde blitt Eurojackpot-millionær:

- Køddar du no? Det er heilt fantastisk.

Men mannen la så til:

- Eg hadde sju rette i Lotto 12. mai. Då vann eg 2,8 millionar, og så vinn eg igjen no?

Norsk Tipping gratulerte mannen så mykje med gevinsten.- Dette er heilt sjukt, for eg speler nesten ingenting, så det er heilt utruleg, sa mannen.

Vedkomande blei også spurt om han skulle feire i natt.

- Eg er på veg heim frå jobb no, men kan seie med ein gong at det blir feiring i kveld. Denne gongen skal eg sjå på langsiktig investering av premien. Eg kjøpte meg bil og båt førre gong eg vann, seier han og humrar godt.

Mannen ønskjer å vere anonym, ifølgje Norsk Tipping.