– Ein donor kan redde opp til sju liv. Det er sju menneske som har familie, venner og kollegaer, seier Anders Riise.

No kan du enkelt registre deg som organdonor ved bruk av BankID i journalen din på Internett. Du loggar deg på, kjem rett inn på sida, hukar av ein boks, og vipps så er det gjort. Ein finn meir informasjon om dette på nettstaden: https://organdonasjon.no/donorkort/

Regjeringa har forbetra systemet for organdonasjon. No tek det under eitt minutt å registrere seg, og det kan redde liv.

– Mange har kanskje ikkje tenkt over kor viktig dette er, men viss det var du eller ein av dine næraste som stod på venteliste, så hadde nok situasjonen vore ein annan, meiner Riise.

Bakgrunn

Stiftinga Organdonasjon opplyser at det til ei kvar tid står rundt 500 menneske i kø for organtransplantasjon i Norge. Mange har ikkje teke praten med dei næraste om kva ein ønskjer skal skje med organa den dagen ein døyr. Dersom ein sjølv ikkje tek valet, vert det opp til den næraste familien å ta ei rask avgjerd på om dine organ skal donerast vekk til nokon som treng det, eller ikkje. – Eg trur det er lettare for dei som sit igjen, dersom ein har teke avgjerda sjølv, seier Riise.