Konserten i Ulsteinvik blir nok litt rufsete, seier Sindre Løvik frå sofaen i stova heime i Volda. Ulstein sokn står som arrangør, og telemontøren som blei prest skal saman med Rune Garen og Morten Bollerud ha konserten «Frå pub til katedral» i Ulstein kyrkje under Trebaatfestivalen. Vikebladet Vestposten fekk vere med då Løvik og Rune Garen øvde på det dei skal framføre. Eller ...

– Nei, nei, vi øver ikkje, vi berre spelar i lag, påstår dei.

Felles fascinasjon

Både Løvik og Garen kjem frå Dalsfjorden i Volda og fortel at dei faktisk også er i slekt. 62 år gamle Rune Garen er forskingsdirektør i Rolls-Royce Propulsion, bur i Eiksund og spelar banjo og syng. Løvik bur i Volda, er 58 år gamal, jobbar som prest, syng og spelar gitar. Konserten i Ulstein kyrkje blir første gong dei to opptrer offentleg saman. Tidlegare har dei spelt saman i privat samanheng og sist det skjedde, var for 35 år sidan.

Interessa for irsk folkemusikk har dei felles og det kjem til å prege låtvalet i Ulsteinkyrkja.

– Mange har høyrt meg synge Johnny Cash sine songar, men det er faktisk den irske folkemusikken som ligg hjartet mitt nærast. Og det trur eg passar bra under Trebaatfestivalen, seier Løvik.

– Kva er det med denne musikken som fascinerer deg?

– Irsk musikk har alt, frå tulleviser, via drikkeviser, med svartaste sorg og sakn til såre og lystige kjærleikssongar, til åndelege songar. Eg likar spesielt godt blanding av dur og moll, gjerne i same song.

The Dubliners

Det viser seg at begge sitt første møte med irsk musikk var den same singelen frå The Dubliners, med songane Seven drunken nights og Weile Waila. Dei gir Petter Løvik, butikkeigar og seinare stortingsmann, æra for å ha brakt irsk musikk til bygda.

– Det var ein nerve der som trefte oss, så musikken vart mykje brukt i ungdomstida i Dalsfjorden, fortel Rune Garen.

Både Løvik og Garen er sjølvlærde musikarar og ingen av dei kan notar. (Men undervegs i intervjuet kjem Garen på at han tok eit gitarkurs på bedehuset i bygda i 1970.)

– Vi spelar på gehør. Og i folkemusikken er ikkje det uvanleg. Eg trur faktisk det er ein fordel, det vert fort litt stivt og kunstig viss ein berre skal spele etter notar, seier Sindre Løvik.

– Ja, dette er musikk som vanlege folk har spelt, det er veldig lite pretensiøst. Dei har møttest på ein pub, hatt med seg instrument og dermed oppstod denne levande musikken. Notar var nok litt utilgjengeleg, seier Garen.

– Eg trur det nok ligg litt i blodet vårt, der er eit eldgamal samband mellom Noreg og dei britiske øyane, seier Løvik.

– Eignar seg i kyrkja

Det handlar mykje om «whisky & beer» i den irske folkemusikken. Og det blir det også under kyrkjekonserten.

– Eg meiner at dei aller fleste tekstar kan brukast i ei kyrkje, eg er nok ganske liberal der. Det som er viktig, er at songen fortel ei historie- sjølv om det handlar om drikking. Det er det same som å fortelje ei historie munnleg, det er nokre som meiner at det er ok å snakke om det men ikkje å synge om det. Det er eg usamd i, seier Løvik, som er gift med prosten på Søre Sunnmøre og som sjølv jobbar som prest. Han har ofte med seg gitaren på jobb.

– Det er uansett soknepresten og kantoren i Ulstein som skal godkjenne repertoaret, så dette skal nok gå bra, seier Løvik.

Litt rusten

Rune Garen fortel at han eigentleg berre spelar til heimebruk og på nabofestar.

– Men Sindre klarte å overtale meg til å vere med på konserten i Ulsteinkyrkja. Det er greitt det, men det er litt rust i pusterøyret, kjenner eg.

Ingen av dei er ivrige pubgjester, men vedgår at dei nok hadde oppsøkt slike stader oftare viss det også var mogleg å utøve musikk på slike plassar.

Ulstein kyrkje fredag 24. august kl. 18.