Også i sommar har biblioteket i Ulstein arrangert Sommarles.

I år var det 36 born i barneskulealder som deltok, og mellom dei har fleire hundre bøker blitt lest.

Alle som har lese ti bøker eller meir i løpet av sommaren, var laurdag med i ei spanande trekning med flotte premiar.

To heldige vinnarar fekk kvar sin ipod shuffle, medan tre andre fekk kvar ein gratis kinobillett.

I tillegg fekk tolv andre lesehestar ein premiepose med mykje moro. Dei andre deltakarane fekk også ei påskjønning for å ha stått på i sommar.

Seansen vart avslutta med skulebollar og brus til alle og einkvar.

Britt Opsahl Myrene ved biblioteket håper fleire vil melde seg på i framtida.

- Vi ønskjer sjølvsagt at fleire vil melde seg på. Det viktigaste med dette er å få born til å lese, for å kunne å lese er jo veldig viktig, seier Myrene.