Mannen vart arrestert då han var gjest på Melshorn hotell på Hareid i april i år. Hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll kontakta politiet då ho fatta mistanke om at mannen ikkje hadde tenkt å betale for seg.

Under ransakinga på hotellrommet hans fann politiet over seksti hotellkort og nøklar til diverse hotell. Arrestasjonen kvervla såleis opp ei svindelsak som omfatta langt fleire enn Melshorn Hotell.

Brukte falske namn

I tilståingsdomen frå Nordre Vestfold tingrett er han no dømt for svindel mot hotell i Førde, Sogndal, Oppdal, Orkdal, Hjelledalen, Odda, Vestnes, Haram, Stranda og altså på Hareid.

I perioden februar 2016 til han vart arrestert på Hareid i april 2018, budde han på hotell utan å betale for seg.

I retten forklarte han at han hadde mista jobben etter nedgangen i oljeindustrien, og at han har spelt vekk alt han har fått av pengar.

Fleire gongar sjekka han inn på hotell under falskt namn, «dette for å sikre at han kunne reise frå staden utan å betale, dersom det vart behov for det», heiter det i domen.

Han forklarte også at han i starten ønskte å gjere opp for seg, men at han ofte gjekk tom for pengar.

Påførte økonomisk tap

Fire av hotella han no er dømt for å ha svindla, ligg i Møre og Romsdal. Han oppheldt seg i fylket i mars og april i år og forklarte det med at han prøvde å finne seg ein jobb.

Då han sjekka inn på hotellet på Hareid gav opp han falskt namn og han sa at arbeidsgjevaren hans skulle betale. Det var berre oppspinn, kom det fram i Nordre Vestfold tingrett.

31-åringen var klar over at han påførte hotella økonomisk tap ved ikkje å betale for opphaldet.

Stal lyspærer

Mannen, som er frå Tromsø og som no har bustadadresse i Telemark, er også dømt for ei rekkje tjuveri.

I 2016 stal han lyspærer frå fleire daglegvarebutikkar i Sogn og Fjordane. I forklaringa i retten sa han at tok lyspærer frå éin butikk og gjekk så til ein annan butikk og sa at det var noko feil med lyspærene. Han har eit alvorleg speleproblem, så dette var ein måte å skaffe pengar på, fortalde han tingretten.

Han er tillegg dømt for å ha køyrt bil utan gyldig førarkort ei rekkje gongar.

Må betale erstatning

I Nordre Vestfold tingrett vart 31-åringen dømt for ti tilfelle av svindel, som til saman har ein verdi på knapt 108.000 kroner.

Retten viser til at han også i mai i år vart dømt for svindel, og meiner at aktiviteten hans viser eit «fast forbrytersk forsett». Det er straffeskjerpande, meiner tingretten.

Retten meiner også det er alvorleg at mannen har halde fram med vinningslovbrot etter at han vart dømt til fengsel på vilkår i Nord-Troms tingrett i mai i år.

Han må no sone fem månader i fengsel. I tillegg er han dømt til å betale erstatning til Førde Hotell, Lægreid Hotell, Hardanger Hotell, Vestnes Hotell, Brattvåg Fjordhotell og Stranda Feriesenter. Erstatningssummen er på til saman vel 78.000 kroner.