– NFU skal vere høyringsinstans i alle saker som gjeld medlemane våre. Men i saka om flytting av Snoezelen har ikkje kommunen spurt organisasjonen om innspel, seier Astrid Andersen i NFU og spør kvifor dei ikkje er spurt.

I dag, tysdag, skal endring av tilbodet om Snoezelen opp i Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne som sak. I morgon går saka til Levekårsutvalet, før ho går til formannskapet og kommunestyret til slutt gjer endeleg vedtak.

Saka blir lagt fram som ei samlokaliseringssak av dei to avdelingane på Ulstein kompetansesenter på Reiten og Holsekerdalen 24, der alt no skal samlast i Holsekerdalen. Men Andersen meiner dette handlar om langt meir enn ei ny adresse. Det er ei endring i tilbodet. Ho er sjølv spesialpedagog på Ulstein kompetansesenter og er ein av fire som arbeider på Snoezelen. Ho seier at lokala i Holsekerdalen ikkje er tilrettelagt for Snoezelen. Ho og dei andre spesialpedagogane var på ei omvising der torsdag, og ho fekk ikkje eit godt inntrykk. Der er takheisar som går i skjener i taket, noko som gjer at det ikkje er mogleg å hengje noko ned frå taket. Der er ein heis som blir flittig nytta midt i lokala. Der det skal vere sanserom er det boblebad og fliser på golvet, noko som ikkje er heldig når ein skal ha krypetrening på golvet. Mellom anna.

Institusjonalisering

Astrid Andersen synest flytting av Snoezelen til Holsekerdalen 24 minner om ei institusjonalisering, der meir og meir blir samla under eitt tak. Ho likar dårleg at ein legg opp til at menneske berre skal kunne gå i tøflane frå det eine tilbodet til det andre. Det blir sett på som økonomisk lønsamt at dei slepp å ta drosje til Reiten, men det kan vere godt for brukarane å få seg ein tur ut av huset/institusjonen.

Med flyttinga flyttar ein også tilbodet over frå opplæring til omsorg. God omsorg er viktig, men kan på ingen måte erstatte god opplæring.

Arroganse mot spesialpedagogar

Andersen seier at dei som har gitt opplæring på Snoezelen reagerer kraftig på at det i sakspapira får inntrykk av at opplæringa som har vore gjort på Snoezelen ikkje har gitt måloppnåing.

– Dette er ikkje berre direkte feil, men ein arroganse mot spesialpedagogar og foreldre som ser framgang og måloppnåing som rådmannen burde halde seg for god for. Det har vore mange omvisingar på Snoezelen på Kompetansesenteret opp gjennom åra, og folk frå andre kommunar misunner oss eit slikt tilrettelagt sansemotorisk opplæringsmiljø, seier Andersen. I staden for å endre på tilbodet, bør Ulstein vere stolte over Snoezelen. Også i år har Herøy vidaregåande kontakta dei for å ta studentane med dit for å få innføring i korleis det sansemotoriske tilrettelagte opplæringsmiljøet Snoezelen blir brukt.

– Me i NFU er opptatt av korleis menneske blir møtt og at dei får den opplæringa dei har behov for. Då må ein nytte dei metodane som viser resultat, seier Andersen og meiner at Snoezelen er eit læringsmiljø tilrettelagt for sansemotorisk trening som er godt eigna til integrering av ulike spesialpedagogiske metodar.

Kritisk: Astrid Andersen reagerer på samlokaliseringa både som styremedlem i NFU og spesialpedagog. Ho undrar seg over kvifor NFU ikkje har blitt brukt som høyringsinstans i denne saka. Foto: Ingvild Aursøy Måseide