Det er ikkje alltid det er dei største sakene som skaper mest engasjement.

Denne veka kom ei litt uventa problemstilling i Ulsteinvik: kvar skal eit planlagt Høddmonument plasserast? Det er tre år sidan Ulstein Rotary varsla at dei ville få laga eit monument, for å minnast cupfinalesigeren i 2012 og for å heidre klubben sin innsats i lokalsamfunnet. Rundkøyringa ved Amfi, eller «Høddkrysset», har vore den mest aktuelle plassering frå Rotary si side. Finansieringa er på plass, monumentet er teikna, Ulsteinvik er kjent for «Heimebane» og neste år fyller Hødd 100 år.

Kva kan då stoppe realiseringa av dette monumentet? Jau, ei hengebjørk og nokre tulipanar. Tru det eller ei.

Det er uhøfleg å takke nei til ei gåve, så kommuneadministrasjonen og politikarane i teknisk utval foreslår at monumentet i staden bør plasserast på Høddvoll.

Det finst ingen økonomiske argument for å takke nei til å setje opp monumentet i rundkøyringa, for kommunen er positiv til å ordne både fundament og sokkel på Høddvoll. Det er overraskande, for i slike prosjekt er det ofte mangel på pengar som stoppar.

Saka framstår som både merkeleg og uforståeleg. Kvifor planta kommunen bjørk og blomar i rundkøyringa? Kvifor har ikkje kommunen avklart plasseringa med Rotary på eit tidlegare tidspunkt? Og kvifor vart innstillinga frå administrasjonen samrøystes vedteken utan vidare diskusjon i teknisk utval?

Ingen bør bli overraska viss Ulstein Rotary no bestemmer seg for å skrinlegge heile prosjektet.