Siste tida har Vikebladet Vestposten hatt fleire lesarbrev på prent som omhandlar den nye reguleringa av skuleområdet i Ulsteinvik. Både Leif Heimland og Knut Kleiven meiner det ikkje er ei framtidsretta og god løysing å regulere Skulevegen til sambindingsveg. Vegen kjem alt for tett opp til Ulsteinvik barneskule. Heimland meiner vegen heller burde ha vore stengt.

Ønskjer det trygt for borna

– Kva tenkjer du som rektor av Ulsteinvik barneskule om den vedtekne planen?

– Både eg og FAU-leiaren har uttalt oss i høyringa, som del av prosessen. Då sa me at me ønskjer ein sikker trafikksituasjon. Det bør vere lenger mellom elevar og trafikk, seier rektor Gurskevik.

Dei sa frå at dei var uroa for Skulevegen, krysset på oppsida av skulen (innkøyring til ungdomsskulen) og på nedsida av Gjerdegata. Dei er opptekne at det bør vere trygt å ferdast for skuleelevane, både på veg til og frå skulen og inne på skuleområdet.

– Skulevegen er utfordrande, utover det vil eg ikkje meine noko om kvar vegen skal gå, seier barneskulerektoren. Men skal vegen gå ned Skulevegen, bør vegen sikrast betre. Særleg på vinteren kan der oppstå farlege situasjonar, når der er mørkt og glatt.

– Me kan alltids lage reglar for korleis borna skal oppføre seg, men born er born. Ser dei ein ball som sprett ut i vegen, spring dei etter, kommenterer Gurskevik.

– Blir veldig nært

FAU-leiar Vegar Brandal fortel at dei nyleg har hatt møte og sett på den vedtekne planen.

– Trafikken blir veldig nær skulen, konstaterer Brandal som skulle ønskt at det var lenger avstand mellom leik og trafikk, både på grunn av tryggleik og støy, samstundes ser han at trafikken må kome seg ned.

– Ja, me er kritiske, men me kan også sjå på det som ei moglegheit for å kome med innspel til korleis trafikksituasjonen rundt skulen kan bli tryggare, seier han og meiner dette er noko foreldra og kommunen må jobbe saman om. FAU vil kome med innspel til den planlagde trafikktryggingsplanen.

Planen er vedteken

Planen vart vedteken av Ulstein kommunestyre 5. februar i år. Etterpå kom det inn fire klagar, men ingen av dei går på heile planen, såleis står vedtaket i kommunestyret fast. Teknisk sjef Arne Runar Vik fortel at fylket vil sjå på klagane på snarveg og gangveg, men den vedtekne planen er rettskraftig.