Stillinga ved pause var 0-0, etter kvilen scora Kristian Engelstad to mål før kaptein Jonas Nordal scora dagens siste mål ti minutt før slutt.Første omgangen leverte Hareid totalt sett ein ok omgang sjølv om dei ikkje skapte mange sjansar. Rollon på si side var kyniske defensivt, kriga godt på midtbana og skapte nesten ingenting framover. Men to (tre) halvsjansar kom Hareid til – utan suksess. Etter fem minutt kombinerte Ola Kalvø Vattøy fint med Runar Stranden på høgresida før sistnemnde la inn. Vattøy sitt skot frå kort hald blei litt for svakt. Etter 17 minutt ville Hareid ha straffe då Georg Eikrem Olsen var i bakken etter ein duell med keeper Jonas Mathiesen, men dommar Jan Helge Lund let spelet gå vidare. Tre minutt seinare var Hareid farleg frampå. Etter ein retur frå corner dribla Vattøy ein spelar fint før han la ut ei 45-graders pasning til Ulrik Wingsternes som skaut like til side for målet. 0-0 var stillinga ved pause, noko som var eit greitt resultat ut i frå spel og sjansar, sjølv om Hareid kanskje burde fått straffe. Andre omgangen handla det stort sett om at Rollon tok leiinga etter 53 minutt, og utover kampen var Hareid lite farlege framover, medan Rollon var effektive når Hareid gjorde feil og scora to mål før dommar Lund bles av kampen. Kristian Engelstad blei fint spelt gjennom av Daniel Gjerde etter 53 minutt. Engelstad gjorde ingen feil åleine med keeper og chippa ballen fint over Vagn Scheide Mork som var ute av buret. Same mann auka leiinga etter 60 minutt etter nok ein chip etter eit balltap av Hareid i farleg sone. Fire minutt seinare kunne kaptein Jonas Nordal score eit fint mål etter eit skot med strak vrist frå om lag 20 meter, men Mork redda flott. Nordal scora i staden ti minutt før ordinær var ute. Etter eit innlegg frå høgresida dukka Nordal opp på bakarste stong og kunne enkelt banke inn 3-0.Stig Monsen tapte hermed sitt andre kamp med Hareid, som smakte utan tvil mykje verre enn tapet mot Skodje i generalprøve. Ingen god første heimekamp i seriesamanheng for Monsen, men det er ti heimekampar igjen vel…0-3 var kanskje ikkje det resultatet ein kunne tippe på før kampen eller i pausen. Men ut ifrå spelets utvikling kunne Rollon score både ein og to til. Totalt sett var dette ein minus-kamp frå Hareid si side som viste ikkje like gode takter med og utan ball frå Valder-kampen. For Hareid gjeld det no å finne tilbake tidlegare takter frå i år og slå igjen når Vartdal kjem på besøk neste torsdag.

Andre resultat i 4.-divisjon i kveld:* FK Sykkylven – Norborg 3 – 3 * Godøy – Emblem 2 – 1 * Langevåg – Vartdal 1 – 0

Fredag: * Valder – Vigra*Larsnes/Gursken FK – Ørsta

Kampfakta4.-divisjon, runde 2Hareid – Rollon 0 – 3 (0-0) Hareidsmyrane stadionTilskodarar: 97Dommar: Jan Helge Lund, Godøy IL.Gule kort: Olsen (Hareid). Olsbø (Rollon).Mål: 0-1 Engelstad (53), 0-2 Engelstad (60), 0-3 Nordal (80). Hareid (4-4-2): Vagn Scheide Mork (K) – Nauris Driksna, Ole Magnus Melchior, Ulrik Wingsternes, Joar Møller – Runar Stranden, Alexander Nevstad, Jon Andre Thue (Venthan Ketheeswaran 76), Simon Holstad Grimstad (Fredrik Andresen 67) – Ola Kalvø Vattøy (Thor-Ove Brekke 60), Georg Eikrem Olsen.

*** Joar Møller** Georg Eikrem Olsen* Ulrik Wingsternes