Sist veke var Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein kommune, og Einar Vik Arset, rådmann i Ulstein kommune, på restartmøte i Regionkommune Sunnmøre.

Tidlegare i sommar skreiv Vikebladet Vestposten om at Hareid og Ulstein var på møte med dei andre kommunane i regionen for å drøfte om dei skal slå seg saman med Ålesund, også kalla Regionkommune Sunnmøre.

Møtet førre veke fann stad på Storfjord Hotell. På møtet innleia Bjørn Sandnes om kommunereforma og arbeidet med kommunereformprosjektet "Regionkommune Sunnmøre". Etterpå fekk utsendingane frå kvar kommune orientere kort om statusen for kommunereforma i deira kommune.

Der orienterte Engh at Ytre Søre Sunnmøre er eit primæralternativ, om mogleg i lag med Ørsta og Volda. Det nye kommunestyret i Ulstein skal ta stilling til om Regionkommune Sunnmøre er eit alternativ vidare.

Frå Hareid kommune møtte korkje ordførar Anders Riise eller rådmann Bent Arild Grytten.