Sunnmøre Mållag arbeidde fram ei av fråsegnene som vart vedtekne på Landsmøtet til Noregs Mållag førre helg. Noregs Mållag vil at alle born i barnehagane, og særleg i nynorskkommunar, skal sikrast å møte nynorsk i språklæringa i barnehagen.

Noregs Mållag krev at dette vert omfatta i den nye rammeplanen for barnehagane, og at born i nynorske skulekrinsar har spesiell rett til å få grundig kjennskap til nynorsk.

– Barnehagane er ein særs viktig arena for språklæring. Eit mål med opplæringa er å gjere borna klare til skulestart. Born må ha krav på å bli kjende med språket dei skal lære på skulen. Dagens praksis stettar ikkje eit slikt krav, seier Knut Falk som er leiar i Sunnmøre Mållag.

Eit grunnleggjande problem er at barnehagelærarutdanninga ikkje tek føre seg korleis barnehagen skal førebu borna på å verta nynorskelevar. Barnehagelærarar får heller ikkje kompetanse i å gi opplæring om og på nynorsk.

I den gjeldande rammeplanen finst alt ei rekkje formuleringar om samiske born sin rett til å møta samisk i barnehagen. Det viser at språkregulering i barnehagen er mogleg og naudsynt. Ein ny rammeplan for barnehagane skal etter planen innførast i 2017.

– Vi krev at barnehagar i nynorskkommunar, anten dei er offentlege eller private, skal bruke nynorsk i barnehagen, kommenterer leiaren i Sunnmøre Mållag vidare og legg til at Stortinget må lovfeste at alt opplæringsmateriell for barnehagen skal vere tilgjengeleg både på nynorsk og på bokmål.

– Med desse tiltaka kan me leggja til rette for at framtidige nynorskelevar vert trygge språkbrukarar, og med det sikra den nynorske framtida, påpeikar han.

Første leiaren frå Østfold

På landsmøtet førre helg vart det valt ny leiar, Magne Aasbrenn, frå Fredrikstad. Det er første gong at Noregs Mållag har fått leiar frå Østfold.

Sunnmøre Mållag var godt representerte i Bergen under landsmøtet. Knut Falk, Kristian Fuglseth og Iselin Nevstad Øvrelid var nokre av representantane frå Sunnmøre Mållag, og kjem alle frå Hareid. Einar Måseide og Siv-Marit Røyset Kaldhol representerte Hareid Mållag. Hilde Petra Brungot var utsending frå Ulstein Mållag, og Magnar Storøy var utsending for Herøy Mållag.