Under Spørjetimen/Open talarstol gjekk Ottar Kaldhol (Ap) fram og stilte spørsmål til ordføraren om Ulstein kommune har eit demokratiproblem. Han hadde fått med seg skriveria i lokalavisa.

– Er det eit demokratisk problem at innbyggjarane sine interesser blir varetatt ved at ein lukkar møtet, spurte Kaldhol og viste til at det har blitt gjort for å ta vare på kommunen sine økonomiske interesser. Dette har kommunen fått klarsignal med Fylkesmannen.

Medan Kaldhol hadde ordet oppstod det ein del summing mellom Venstrerepresentantane, og ordføraren bad dei teie stille og ha respekt for talaren.

Kaldhol meinte det var betre at ein gjekk til Kontrollutvalet med ei slik alvorleg sak. Han ansåg det som vanskeleg for lokalavisa å svare på dette. Han oppmoda formannskapet til å vurdere om dette er ei sak som høyrer heime i kontrollutvalet.

Kaldhol viste til intervjuet med Pål Grødahl i tysdagsavisa utan å nemne han med namn, men det var tydeleg heile vegen kven han viste til.

I og med at dette vart tatt under spørjetimen/open talarstol, var det ikkje høve til å diskutere saka. Håkon Waage (V) tok ordet til forretningsorden og sa at ordføraren burde ha klubba ned Kaldhol.

– Dette var ei innleiing til diskusjon, og gjaldt ikkje eit konkret spørsmål.

Men det var ikkje ordførar Knut Erik Engh samd i (Frp). Kaldhol kom med eit spørsmål, og ordføraren svara han. Han ramsa opp ei rekkje tiltak som blir gjort for å styrkje demokratiet i kommunen. Alt frå folkemøte i krinsane til Facebook.

Han skrytte av administrasjonen som er flinke til å leggje til rette for auka medverknad.

Engh var ikkje samd med Waage at det hadde gått føre seg eit direkte åtak på ein kommunestyrerepresentant.

– Spesielt

Etter møtet sa Pål Grødahl til lokalavisa at han syntest det var noko spesielt at nokon får kome på talarstolen på det viset. Men det meiner han beviser det han prøver å ta opp. Grødahl trur ikkje Ulstein bryt lova, men kan bli betre.

Ulstein Arena er ei sak som er viktig for innbyggjarane, då er det uheldig at kommunen vel å lokke saka så dei ikkje får ein open debatt.

Grødahl synest det er lite konstruktivt å kritisere andre politikarar for å ta opp ein debatt. Ein bør vere romsleg og ikkje stemple kvarandre.

Ottar Kaldhol stilte spørsmål om Ulstein har eit demokratiproblem. Nei, svara ordførar Knut Erik Engh. Foto: Ingvild Aursøy Måseide.