Dette slepet har lege ute Storfjordbassenget dei siste dagane. Folk på Hareid, og mange som reiser med Sulesundferja og snøggbåten, har undra seg over kva det er slags slep, og kvifor det ligg der. Forklaringa vi har fått er at det er kraner som er bygde i Trøndelag, og som skal slepast til eit verft i Tyskland. Slepet ligg i Storfjorden og ventar på betre ver.