Etter fleire kritiske merknader frå publikum har SalmarOrganic AS sendt Hareid kommune ein ny dispensasjonssøknad frå kommuneplanensin arealdel  for eit økologiskakvakulturanlegg for laks, aure og regnbogeaure på Atlantic Cod Farms sintidlegare konsesjon i Brandal.

I den nye søknaden er utstrekninga på anlegget i sjøen endrafrå to einingar på 425x170 meter kvar til berre ei eining på 500x200 meter. Fråopprinneleg 2 x 10 oppdrettsbur er det no søkt om ei halvering til 10 bur.

Arealbruken er dermed betydeleg redusert.

Talet på ankerliner er også redusert – og desse skal ogsåvere festa lenger frå land enn det som gjekk fram i den første søknaden.

Salmar skriv at ankerlinene vil vere nedsenka i den grad atdei ikkje kjem i konflikt med fiskeaktivitetar og sjøverts ferdsel  i området. Festepunkta for ankerlinene som gårmot land vil vere boltar i fjell på 25 meters djup. Frå boltane skal det gå eintung kjetting på 27,5 meters lengde, slik at det som Salmar kallar ”innfestingspunkt”for ankerlinene blir liggande på ca 50 meters djup.

Avstanden frå anlegget til land vil på det næraste vere ca200 meter.

I høve til det tidlegare oppdrettsanlegget i Brandal ligg detpåtenkte Salmar-anlegget lenger frå land og eit stykke lenger i retningKvitneset.