Sidan oppstarten av lesarfotokonkurransen i januar, har vil delt ut seks flotte Vikebladet Vestposten-krus til seks heldige vinnarar. No blir det sjuande kruset med påskrifta “Månadens lesarbilete” delt ut.
Magisk stemning
Kruset går denne gang til Egil Muren, som sendte oss eit flott bilete av ein solnedgang ved Skjervane på Dinmøya i Ulstein.
Muren er opphavleg frå Sundgotmarka på Dimnøya, men bur på Skedsmokorset utanfor Oslo. Vinnarbiletet vart teke i samband med eit opphald på heimøya si nyleg.
– Dette var kjempegreier. Ei skikkeleg overrasking, strålar Muren, når Vikebladet Vestposten ringjer over gladmeldinga.
Muren sitt bilete syner ei flott og magisk stemning med ei ro og djupne i motivet sitt.
Bildet til Muren ser du rett over denne saka.
Fleire konkurransar
Vikebladet Vestposten held fram med lesarfotokonkurransane. Allereie no kan du sende inn dine flottaste bilete til lesarfoto#vikebladet.no for å delta på fotokonkurransen for august.
Månaden er kjend for variabelt vêr, som etter vår meining kan bu på ulike og spennande fotomotiv. Lukke til. ----