Anna er snart 75 år gammal. Ho bur på Skeide saman med mannen Ivar. Anna har hatt dårleg høyrsel så lenge ho kan hugse og fekk sjøl høyreapparat når ho var i 40-åra.

Anna er medlem av Høyrsellaget i Ulstein og gjennom høyrsel-laget blei ho sendt til Trondheim på kurs for å lære seg om likemannsarbeid. Kvart 3. år må ho fornye “sertifikatet” for å vere ein likemann.

Å få ei hørselliding kan vere ei einsam oppleving. I ein slik situasjon kan det vere godt å snakke med ein som er i same båt: Ein som har erfart og levd gjennom utfordringane og funne løysingar, ein som kan formidle truverdig informasjon, og møte andre som eit medmenneske.

Likemannsarbeid er erfaringsutveksling og samtale, støtte og råd i forhold til å lære seg å leve med en høyrselsutfordring.

– Å vere likemann er ei utviklande og givande oppgåve, du lærer å ta i bruk nye sider ved deg sjølv, fortel Anna.

Ho er ein av dei frå høyrsellaget som du treffer på Frivilligsentralen både i Ulsteinvik og Herøy to gonger for månaden. Første og siste tysdagen i Ulsteinvik og første og siste torsdagen i Herøy. Ein hørselhjelpar hjelper til med å skifte batteri, slange, reinse kanalar og teste om der er feil på høyreapparatet. Så sender dei det direkte til verkstaden for reparasjon. Men ringer det ifrå nokon av kommunane på Søre Sunnmøre, er det ofte dei køyrer heim til den som treng hjelp, det er over 400 medlemmer i Ulstein, Hareid, Herøy Sande og Vanylven.

Ofte er mannen til Anna, Ivar, med på turen. Som Anna seier er det er ikkje få timar Ivar har sete i bilen og lest ei avis, medan ho har vore på besøk med ein som treng hjelp til høyreapparatet.

Anna vil til slutt takke alle som har stemt på henne, og den som har foreslått henne.

– Det var ei gledeleg overrasking både å bli foreslått og vinne frivilligprisen 2012, seier ho.