Omsorgstenesta i Ulstein går nye vegar med velferdsteknologien. Som til dømes spelteknologi, som allereie er etablert og har synt seg å gje effekt for dei som har dagpass på Alvehaugen. Nokre fastbuande har også nytta seg av tilbodet. Men innan velferdsteknologi kastar Ulstein kommune seg inn i eit nytt prøveprosjekt saman med kommunane Herøy, Vanylven, Ørskog og Ålesund. No vil dei prøve ut GPS-sporing som ein del av den allereie eksisterande omsorgstenesta.

Positivt tiltak

Omsorgssjef Marit Botnen i Ulstein kommune fortel til Vikebladet Vestposten at dei ser positivt på moglegheita med GPS-sporing, som primært er retta mot demente.

– I forhold til velferdsteknologien må dette bli nytta med måte. Det er ei positiv nytenking som vi må utforske. Fleire har allereie teke i bruk GPS-sporing. Eg trur det gir større fridom og større utfalding for brukarane, slår Botnen fast, som samstundes understrekar at GPS-sporinga vert eit tillegg til dagens eksisterande omsorgsteneste.

– Vi har full forståing om nokon er skeptiske til å nytte dette. Men vi må sørgje for at vi nyttar utstyr som fungerer, og at lovverket er ivareteke, avsluttar Botnen.

Tryggleik for familien

Også leiar Asbjørg Garshol i Sjukeheimsforeininga er positiv til GPS-sporing i omsorgstenesta.

– Vår oppgåve primært er å gjere det hyggjeleg for buande og brukarar elles av sjukeheimane. Og vi ser at teknologibruken generelt er positiv og medverkar til at vi får ei enda betre omsorgsteneste. Alt som er positivt tek vi i mot, slår Garshol fast.

Garshol legg til at eit slikt tilbod ikkje må verte eit pålegg for brukarane, og at det er ei teneste dei sjølv kan velje å ta del i.

– Det må inngås ein avtale med brukaren. Eventuelt næraste familie. Men eg trur det er positivt for brukarane, sidan dette kan vere med å skape ein betre tryggleik også for familiane, avsluttar Garshol.

Pensjonistforbundet seier ja

Også Norsk Pensjonistforbund ser positivt på det nye tilbodet.

Dei skriv i eit offentleg brev at det å ta i bruk ein nytenkjande velferdsteknologi som GPS-sporing av eldre demente, vil innebere større fridom, verdigheit, tryggleik og livskraft for den enkelte brukar og deira pårørande.

Dei legg også til at teknologien utvilsamt vil redusere, eller hindre bruken av andre uetiske metodar som innstenging, lukka område eller tvang.

– Eit anna godt argument for å ta i bruk GPS-sporing av personar med demens, er at dei med demens ofte ikkje kan vurdere faren for fall og andre alvorlege uhell som kan oppstå i kvardagen deira, avsluttar Norsk Pensjonistforbund i brevet sitt.

Konferanse i Ålesund

Marit Botnen fortel at dei fem kommunane skal samlast til konferanse i Ålesund for ein såkalla “kick-off”.

– Eg reiser til Ålesund 12. desember for å delta. Med meg har eg to representantar frå demensgruppa, som er Gunn Helen Muren og Elise Kleven Voldsund, fortel Botnen.

Det er Ålesund kommune som arrangerer konferansen som skal gje kunnskap om velferdsteknologi til politikarar, administrasjon, tildelingskontor, einingsleiarar, teamleiarar og andre som er knytt til yrke og interesse for helse, omsorg og velferd i dei ulike deltakarkommunane.

– Vi veit at GPS-sporingsteknologi er omdiskutert, og at det er knytt mange ulike spørsmål til å ta i bruk slik teknologi i omsorgstenestene. Det er difor vi no inviterer til konferanse. Vi håpar på god oppslutning, noko som vil gje oss ein god start i arbeidet vårt, fortel prosjektleiar Helen Berg i ei melding på Ålesund kommune sine heimesider.

Velferdsteknologi

GPS-sporingteknologien er ein del av eit velferdsteknologiprosjekt i Midt-Noreg. Det er eit av totalt ni prosjekt styrt av fylkesmennene i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, og som blei starta opp i 2011.

Hovudmålet med dette velferdsprosjektet er at brukarane og deira pårørande skal oppleve ein trygg kvardag gjennom bruk av individuelt tilpassa velferdsteknologiske løysingar.

Prosjektet skal også bidra til auka innsikt og bruk av velferdsteknologi i helse- og omsorgssektoren i Noreg, gjennom formidling av resultata slik dei kjem fram gjennom strukturert evaluering.

Leiar Asbjørg Garshol i Sjukeheimsforeininga fortel at dei tek godt i mot alt som verkar positivt for brukaran e av sjukeheimane. Difor ynskjer ho tilbodet velkomen, men understreker at tilbodet ikkje må verte eit pålegg for brukarane.