Kommunane Ulstein, Hareid, Herøy og Sande samarbeider om tilbodet med Utekontakt. Herøy og Ulstein stiller med ei halv stilling kvar, Hareid og Sande ei kvart stilling kvar. No som samarbeidsavtalen skal fornyast er det uvisst om alle kommunane blir med vidare i samarbeidet.
Då saka var oppe i Hareid kommunestyre førre veke var det med negativ tilråding, men kommunestyret valde å utsetje saka. I Sande vil dei halde oppe tilbodet. I Herøy har saka vore oppe i helse- og omsorgsutvalet, der dei var negative til vidare drift av dette tilbodet for ungdom.
Førebels har ikkje saka vore oppe i Ulstein kommune. Ho skal opp i levekårsutvalet førstkomande onsdag, der Marianne Breivik sit.
– Praktisk politikk på sitt beste
Både Hanne Notøy og Marianne Breivik har vore med og gått natteramn i helgar. Då har dei sett kor viktig og avgjerande arbeidet som blir gjort av Utekontakten er.
Ungdomsteamet er fagfolk som er flinke til å ta seg av ungdom og drive førebyggande arbeid. Dei har ein bil og stiller der ungdom er, anten det er fest i Myrvåg, Hareid eller noko som skjer i Vik. Dei kan køyre heim ungdom om det trengst. Det blir oppsøkt av ungdom, og oppsøkjer sjølve. Om ein heime-aleine-fest går over styr, eller ungdom slit med bråk i heimen, ringjer dei gjerne Utekontakten for å få hjelp.
– Dette er praktisk politikk på sitt beste, kommenterer Breivik og Notøy.
Viktig med fagfolk
Natteramnane kan ikkje erstatte ordninga med Utekontakten. Natteramnane er vanlege foreldre med born i ungdomsskulen. Dei sit ikkje på den kompetansen og ressursane som Utekontakten har, som har dette som jobb.
– Når både politi og barnevern meiner det er viktig at Utekontakten består, då er det viktig at me som politikarar lyttar, meiner Marianne Breivik.
– Det er veldig flott at politiet engasjerer eg i saker. Det vitnar om eit engasjert og oppegåande politi. Dei tek samfunnsansvar og opplysningsarbeidet sitt overfor politikarane alvorleg, seier Hanne Notøy.
Om ein sparer pengar på førebygging, vil utgiftene fort bli vel så store til reparasjon.
Mange spørsmål
Då saka var oppe i Hareid kommunestyre sa politiet at ordninga vart lagt ned i sommar. Det vart så opplyst om at det var ei halv stilling som var ledig, og at det var vanskeleg å få nokon til å erstatte vedkomande som hadde sagt opp. Notøy og Breivik undrar på om Utekontakten framleis disponerer lokala der Helsestasjonen i Ulstein var tidlegare. Har dei framleis bil? Kor langt har nedleggingsprosessen kome?
Dei ser det som vanskeleg å drive eit godt tilbod om berre Ulstein held oppe si halve stilling. Ulstein Arbeidarparti håper at når det kjem fram meir informasjon vil politikarane i alle dei fire kommunane kome fram til at Utekontakten ikkje bør avviklast.
– Det er all grunn til å tenkje seg godt om før ein legg ned dette tilbodet, åtvarar arbeidarpartikvinnene.