Ulsteinvik kunne skilte med eit tre som er større enn juletreet i London, medan Hareid kunne skilte med vel så mange ringar rundt treet då julesongane skulle syngast.
Hareid var først ute. Sokneprest Jens Terje Johnsen heldt appell kring Alf Prøysen sin julesalme om Jordmormatja, Hareid skulekorps spelte og ein ”taremann” gjekk rundt og delte ut godteri.
Vêret var stille og kaldt. 7-8 minusgrader. Etter juletre-ganga inviterte KFUK til leikar og anna på bedehuset.
Timen etter var det Ulsteinvik sin tur. Eit minikor frå kulturskulen song frå rådhustrappa under leiing av Kari Aske Osnes, Musikklaget Ulf var også på plass og spelte – og Ulstein Sanitetslag hadde pynta den store grana på rådhusplenhjørnet i retning kyrkja. Etter dei opplysningane sanitetskvinnene kom med til lokalavisa, er treet 16 meter høgt og har om lag 250 lys på seg. Det ruvar godt.
Ole Terje Sukka heldt ein appell om ulike lys. – Tenn lys for å hindre mørket i å bestemme, sa han og minte om at Jesus skulle vere lys for menneska og lære oss å vere lys for kvarandre.