Megata Terrasse har 20 husvære. - Ikkje alle er borttinga enno, så den som vil ha valfridom bør vere snar, seier Holstad.

Det er Brekke & Kleppe som har hatt arbeidet med å sprenge  ut og lage til tomta. Dei møtte meir stein enn venta - omlag 4.500 kubikkmeter. Men dette har ikkje påført prosjektet ekstrakostnader.

Når sjølve bygningskroppen er på plass, blir det å få på plass tak, vindu og innreiing. Rise Bygg,  som har sjølve entreprisen, skal ha ferdigstilt alt til 1. desember 2013.

Megata Terrasse får garasje-anlegg i grunnetasjen. Derifrå er det også trapper og heis opp i etasjane.