Ved inngangen til 2012 var det i Møre og Romsdal fylke 90 kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20–39 år. Landssnittet var på 96 kvinner per 100 menn.
Ingen fylke hadde færre yngre kvinner per mann enn Møre og Romsdal.
Seks av kommunane i fylket hadde fleire kvinner enn landsgjennomsnittet. Det var Norddal, Stordal, Ørskog, Midsund, Sandøy og Sykkylven. Dei tre første kommunane hadde fleire kvinner enn menn, står det i fylkesstatistikken 2012.
Heng saman med arbeidsinnvandring
Sande var det kommunen i fylket som hadde færrast kvinner i aldersgruppa 20–39 år. Der går det 76 kvinner på 100 menn.
Ulstein kjem på andreplass med 79 kvinner på 100 menn. Fylkesstatistikken forklarer desse tala med den høge arbeidsinnvandringa frå utlandet.
Hareid har 90 kvinner per 100 menn.
Høgare mannsoverskot
Mannsoverskotet i Ulstein er høgre i 2012 enn i både 2007 og 2002. Av innbyggjarane er 52,3 prosent menn.
I Hareid er 50,8 prosent av innbyggjarane menn.
I fylkesstatistikken står det at Møre og Romsdal er Noregs største industrifylke. I 2011 arbeidde 16,6 prosent av alle sysselsette i industri. Berre Rogaland og Hordaland har fleire industriarbeidsplassar enn Møre og Romsdal, men der bur det også fleire, så prosentvis har Møre og Romsdal fleire.
Haram er den kommunen som har høgst prosent av arbeidsstyrken i industrien. Heile 47 prosent!
Sykkylven og Ulstein kjem på andre- og tredjeplass, båe med over 40 prosent.
Hareid kjem på åttandeplass i fylket med 33 prosent.
Stor innpendling
Ulstein er ein kommune med stor innpendling, 44,2 prosent. Det vil seie at nesten kvar andre arbeidstakar er busett utanfor kommunen. Meir enn halvparten av desse innpendlarane var sysselsette i industrien.
I Hareid var innpendlinga på 33,1 prosent.