Monika Hestad disputerer ved Arkitektur – og designhøgskulen i Oslo. Doktordisputasen frå Brandal er utdanna sivilindustridesignar frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) i 2002. Etter enda utdanning starta ho sitt eige designfirma i Oslo, og byrja å jobbe med doktorgraden sin. Frå 2006 til 2008 har Hestad vore stipendiat ved Institutt for industridesign, AHO. Brandølingen skal forsvare sin doktorgradsavhandling "Den kommersielle forma – merkevarekonteksten om utfordring for industridesignarens behandling av form". Hestad utforskar i denne avhandlinga kva rolle produktets form har i å styrke ei merkevare. - Eg følte det ikkje var så stor fokus i skulen om kva rolle produktets form har når det gjeld å styrke bedriftene som merkevarer, seier Hestad. Ho meiner at både bedrifter og designarar vil ha nytte av betre kjennskap til produktdesign i ein merkevaresamanheng. - Designarar bør ha fokus på bedriftene og dei som skal kjøpe produktet. Det vil sei å skape ei form som samsvarar med bedrifta sin identitet eller i tråd med preferansar i brukargruppa, meiner Hestad. Studien drøftar teoriar innafor fagområdet design -og merkevarebygging, for å utforske kva krav som vert still til produktets utforming. Hestad har utforska temaet i tre kasi. Produkta barnevogna Stokke Xplory, flaskevatnet Imsdal og tannkostane Jordan Go! og Jordan Individual, som alle er bevisste på produktets form for å styrke merkevara. - Det er kjekt å få med ei sunnmørsbedrift. Stokke har skilt seg ut lenge når det gjeld å bruke designarar i produktutviklinga. Hestad har undervist i produktets rolle i merkevarebygging ved AHO, og heldt gjesteforelesingar over same tema ved andre institusjonar. - Det hadde vore ynskjeleg å få meir av dette temaet inn i skulen. Eg håper å få i gang ein diskusjon om riktig formspråk og kva relasjon produktet skaper, seier Hestad. Etter å ha jobba med avhandlinga i fire år, innrøm ha at det vart litt rart å vere ferdig. No vil ho ha litt internasjonale erfaring, og reiser til London for nokre år. Venner og familien frå Brandal vil sitje i salen under doktorgraddisputasen. - Eg er meir nervøs for framfor familie og venner enn opponentane, ler Hestad.

Monika Hestad er klar til den ultimate muntlege eksamen når ho no skal forsvare sin doktorgradsavhandling ved Arkitektur -og designhøgskulen i Oslo.