I førjulstida er det kjekt å pynte litt ekstra i heimen. Hageselskapet Hareid og Ulstein har hyrt inn blomsterdekoratør Ann Kristin Solmunde til å kome med tips til korleis det kan gjerast.
Møtet blir på Alvehaugen i Ulsteinvik onsdag 21. november, og alle er velkomne. Også dei som ikkje er medlemer i Hageselskapet.
Hageselskapet Hareid og Ulstein kallar samlinga for eit inspirasjonsmøte/julemøte, og mykje tyder på at blomsterdekoratør Ann Kristin Solmunde vil legge vekt på å lage advents- og juledekorasjonar.
Solmunde legg vekt på å bruke ting ho finn i hagar og naturen elles i dekorasjonane sine.
– Tanken er at dei frammøtte skal få inspirasjon til å lage liknande ting heime, forklarer Sissel Indreflø, sekretær i Hageselskapet Hareid og Ulstein.
Under inspirasjonsmøtet vil det også bli servert kaffi og litt å bite i.