I eit brev til Kystverket etterlyser Hafest vedlikehald av moloane i hamna på Hareid.
Hafest, ein organisasjon som har som mål å gjere Hareid sentrum både vakrare og trivelegare, skriv at moloane er i svært dårleg forfatning etter fleire tiår utan særleg vedlikehald.
- Dei er tilgrodde og vanstelte, kaiene er nedrotna og delvis avstengde for ferdsel. Lysmaster står skeive og belysninga er utdatert. Dekket er holete og infrastrukturen tilfredsstiller neppe dagens krav, skriv Arild Grimstad på vegner av Hafest..
- Forfallet er av eit slikt omfang, at ansvarlege snarast må på bana med tiltak som kan betre situasjonen. Slik det ligg i dag, er både det sikkerheitsmessige og det estetiske heilt uakseptabelt for Hareid-samfunnet, heiter det.
I brevet ønskjer Hafest også ei avklaring av korleis det forheld seg med eigarskap og ansvar for vedlikehald av anlegget.