Oppseiingane gjer at HBR misser over halvparten av det noverande brannmannskapet sitt, som allereie er i manko med eit par personar.

Det er avisa Vestlandsnytt som skriv om saka.

Lokalavisa for Herøy og Sande fekk torsdag eit anonymt tips om eit brev som er adressert til rådmannen i Herøy. Der står det blant anna at 17 tilsette i HBR seier opp stillingane sine frå 30. november i år.

Lars Ivar Moldskred er talsmann for brannmannskapet. Han seier til Vestlandsnytt at han er overraska over at avisa  har fått brevet. Han var ikkje tenkt å nytte media som kanal for saka til brannmennene.

I brevet står det mellom anna at mannskapet i HBR i over to år har prøvd å rette opp problema som har oppstått, utan at det har ført til vesentlege endrignar. Det har blitt jobba med leiinga, fagforbundet og verneombod utan resultat.

Det kjem også fram at mannskapet er misnøgde med arbeidsmiljøet.

Manglande øvingar og øvingsplan over lengre tid gjer at mannskapet ikkje får den naudsynte treninga som skal til for å utføre tenesta i HBR på ein trygg og sikker måte, meiner dei.

Dei viser til at det har vore mangelfulle lag, og at det må tilsetjast fleire personar, slik at laga blir fulltallige og mannskapet får utføre livreddande innsats for innbyggjarane på ein trygg og sikker måte.

Sjølv om saka i utgangspunktet er unnateke det offentlege, har rådmannen late Vestlandsnytt få sjå svarbrevet hans.

Der går det fram at rådmannen har teke initiativ til at det vert gjennomført ei arbeidsmiljøundersøking i brannvernet for å få dokumentert forhold ved arbeidsmiljøet og tryggleiken for dei tilsette.

Han svarer også at han har fått framlagd øvingsplanen for 2017, og at slik han ser det, er det lagt til rette for naudsynte øvingar i 2017.

- Når det gjeld mangelfulle lag, oppfattar eg det slik at her manglar fem røykdykkarar i høve til "Brannordninga for Herøy kommune". Dette er eit budsjettspørsmål. Budsjettet for 2017 blir handsama i kommunestyret 15. desember 2017, svarer rådmannen i Herøy.

Rådmannen viser også at brannavtalen er forhandla fram av tillitsvalde for Fagforbundet NITO og Herøy kommune som arbeidsgjevar. Herøy kommune legg til grunn at avtalen er forhandla fram i samsvar med Hovudtariffavtalen og gjeldande praksis, og er difor gjeldande i avtaleperioden, heiter det i svarbrevet.