Tysdag legg regjeringa fram sitt forslag for statsbudsjett for 2015. Etter det Vikebladet Vestposten har fått kjennskap til, vil dei der auke ramma for rentekompensasjonsordninga for lån til fylkesvegar frå to til tre milliardar kroner.

– Dersom dette går gjennom i Stortinget, vil det gi Møre og Romsdal svært gode høve til å gjere noko med problematiske ferjestrekningar som til dømes Hareid - Sulesund, seier fylkesleiar i FrP, Frank Sve.

Staten betaler renta

I samband med at fylka overtok ansvaret for riksvegane, vedtok Stortinget ei rentekompensasjonsordning der Staten dekkjer renteutgiftene til lån som fylka tek opp i samband med fylkesvegprosjekt.

– Ei utviding vil frigjere midlar som kan nyttast til samferdselstiltak. Mellom anan kan fylket auke midlane som dei nyttar til ferjedrift.

FrP-leiaren viser til at Møre og Romsdal er mellom dei fylka  som nyttar minst av fylkesbudsjettet til samferdselstiltak,

– Samstundes vi eit fylke med store utfordringar innan samferdsel, seier Sve.

Han har elles registrert det lokale engasjementet rundt ferjekapasiteten Hareid - Sulesund.

– Det er flott med engasjement, men eg er litt overraska over at ikkje innbyggjarane i større grad utfordrar politikarane for å få gjort noko med problemet, seier Sve.

Les også: - Politikarane må snart innsjå problemet