Rådmannen i Ørsta skriv at prosjektet medfører ein minimal økonomisk risiko for kommunen - samtidig som både kulturlivet og næringslivet vil kunne få eit løft. Byggekostnadene blir på 14,42 millionar kroner. Det nye arealet blir på totalt 490 kvm og inkluderer ny kinosal med plass til hundre personar, nytt inngangsparti, ny foajé, myldreareal og nye kontor. Med den nye kulturhusfløya vil ein kunne gå tørrskodd og "innandørs" mellom hotellbygningen og kulturhuset. Prosjektet inneber også ei oppgradering av det noverande kulturhuset. Rådmannen i Ørsta meiner dette er lurt å gjere sidan kommunen likevel står føre ei grunnleggjande kulturhus-rehabilitering etter over tretti års drift. NB: Også på Hareid blir det arbeidt med planar om å knyte kommunale kulturhus-funksjonar til det eksisterande Hareid Hotell, som elles har dei same eigarane som Hotell Ivar Aasen i Ørsta og Sagafjord på Sæbø.