Heilt overraskande har Willy Nesset varsla at han går av som styreleiar for Ishavsmuséet Aarvak.

Nesset har brukt den nye utgåva av “Isflaket” polarmagasinet til Ishavsmuséet, til å varsle avgangen sin. Der skriv han blant anna at det er av personlege grunnar han har funne ut at nok er nok, og at det er på tide å la andre og meir kompetente overta den spennande stafettpinnen. Nesset har vore styreleiar i 5 år.

– Ingen dramatikk

Dagleg leiar Webjørn Landmark ved Ishavsmuséet seier til Vikebladet Vestposten at det ikkje er nokon dramatikk bak avgangen til Nesset.

– Vi vart overraska over avgjerda hans, men har sett at han stadig har fått meir å gjere med firmaet han driv i Polen. Vi må respektere at frivillige prioriterer det dei driv med profesjonelt, understrekar Landmark.

Harald Knutsen rykkjer opp

Harald Knutsen er nestleiar i styret for Ishavsmuséet, og Landmark opplyser at han i ein periode vil rykkje opp som leiar.

– Vi stressar ikkje med å finne ein ny styreleiar, for Harald Knutsen har vore ein glimrande nestleiar. Så får styret samle seg i januar for å drøfte kva vi skal gjere vidare, seier Landmark.

Willy Nesset er gjennom selskapet sitt VS Polen den største sponsoren til Ishavsmuséet, og Landmark understrekar at det ikkje har kome noko signal om at han vil trekkje seg som sponsor.

Vil framleis vere støttespelar

– Willy Nesset er framleis glad i muséet og har sagt at han vil vere ein støttespelar vidare. Han har lagt ned ein enorm innsats i dei 5 åra han har vore styreleiar.

Blant sakene som Nesset har vore med på å kjempe gjennom ved Ishavsmuséet, er bygging av Aarvakhuset, utbygging av sjølve museet, overtaking av administrasjonsbygget til reiarlaget Karlsen, ny kai, fast utstilling av Ragnar Thorseth sine polarrekvisita og oppgradering av kjøkkenfasilitetane.

Åtvarar mot destruktive krefter

Og sist, men kanskje ikkje minst, var det Nesset som gjekk i brodden for å få muséet ut av Stiftinga Sunnmøre Muséum. Ei sak som skapte sterke frontar.

I artikkelen han skriv i Isflaket skriv Nesset blant anna:

“Vi kjenner alle dei destruktive kreftene som prøver å skade muséet. La aldri desse kreftene få fotfeste og styring med muséet. Dette muséet er for stort og viktig for egoistiske utspel, personleg fokusering og misunning.”