Ein firehjulsmotorsykkel (ATV) køyrte av vegen ved Fredtun i Gjerdsvika torsdag ettermiddag.
- Ein mann vart skadd i utforkøyringa, opplyser operasjonsleiar Tore André Gram Franck ved Sunnmøre politidistrikt.
- Personen var bevisst då han vart frakta bort, opplyser operasjonsleiaren torsdag klokka 12.59.
Politiet fekk melding om hendinga torsdag klokka 12.15.
Det er uvisst kor hardt skadd mannen er. Ambulansehelikopter frakta mannen til Ålesund Sjukehus.
Årsaka til ulykka er ikkje kjent. Saka blir etterforska av politiet.
Har du bilde eller video? Kontakt oss på tlf. 481 25 272 eller e-post redaksjon@vikebladet.no